Tannbehandling i narkose

Narkose er ei bedøving som fungerer i heile kroppen. Du blir smertefri, søv og kroppen blir heilt slapp. Vi bruker narkose dersom det av ulike årsaker ikkje er mogleg å gjennomføre operasjonen eller behandlinga med lokalbedøving. Den vanlegaste årsaken er ved alvorleg tannlegeskrekk eller ved omfattande behandlingar.

Ved tannbehandling i narkose søv du under heile behandlinga. Du blir ivaretatt av anestesilege og -sjukepleier som både vil overvåke deg under narkose og vekke deg når inngrepet er utført. 1-2 timar etter narkosen kan du reise heim med ledsager.

Nokre helsetilstander gjer at ein ikkje kan bruke narkose. Dette vurderer anestesilegen utifrå dei helseopplysningane vi får av deg. Utifrå helsetilstanden din vil også medisintype og dosering bli valgt. Dette gjer det svært viktig at helseskjemaer blir fylt ut korrekt og at tannlegen din blir informert om alle relevante helseopplysninger.

Før narkose

  • Du må vere frisk på operasjonsdagen
  • Dei 6 timane før operasjonen skal du ikkje ete fast føde eller drikke mjølk
  • Inntil 2 timar før operasjonen kan du drikke klare væsker (vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te, kaffi utan mjølk/fløyte)
  • Unngå røyk, snus, tyggegummi og sukkertøy i løpet av dei 2 siste timane før operasjonen
  • Inntil 1 time før operasjonen kan du svelge medisinar med eit glas vatn (maks 150 ml)
  • Kvelden før og om morgonen på operasjonsdagen må du pusse tennene og tunga grundig, og skylle med munnskyllevatn som Corsodyl eller Paroex.
  • Du må fjerne ringar, klokker, øyredobbar, piercingar, kontaktlinser, sminke og neglelakk før operasjonen. Briller og høyreapparat kan du ha på deg/med deg.
  • Gå gjerne i joggebukse eller anna lettsittande kle på operasjonsdagen. Pass på å ha ein genser eller t-skjorte der ermane kan brettast opp.
  • Ha med deg følge til timen og sørg for at nokon kan køyre deg heim og passe på resten av dagen

Under narkose

Når du kjem til operasjonsstova får du eit plastrøyr (venekanyle) i ei blodåre på handa eller armen. Gjennom dette plastrøyret får du dei ulike medisinane. Først får du smertestillande. Då blir du som oftast døsig, men du er framleis vaken og kan følgje med på førebuinga til operasjonen. Deretter får du sovemedisinen som fungerer i løpet av kort tid. Denne kan hos enkelte svi i blodåra – dette går raskt over og er ufarleg.

Når du er i narkose treng du hjelp til å puste. Derfor fører vi eit plastrøyr (ei tube) inn i luftrøyret (tube). Dette kan føre til at du blir hes ei tid etter operasjonen. I sjeldne tilfelle kan tenner bli skada, spesielt dersom dei er lause eller i dårleg stand.

Nokon er redde for å vakne opp under operasjonen utan at dei kan seie ifrå om dette, at dei skal kjenne smerte sjølv om dei har fått narkose, eller dei er bekymra for å ikkje vakne etter narkosen. Vi kan forsikre deg om at under heile narkosen er anestesisjukepleiar eller anestesilege rett ved sida av deg og passar på at du søv godt og får riktig mengde bedøving. Blodtrykk, puls og mengde surstoff i blodet målast kontinuerleg. Dersom det er teikn til at narkosen ikkje er djup nok, aukar vi tilførselen av bedøving. Etter inngrepet vil vi i samarbeid med tannlegen eller kirurgen, redusere eller stoppe tilførselen av narkosemiddel.

Du kan reise heim 1-2 timar etter narkosen. Du må ha med deg følge til timen, og du skal ha tilsyn resten av dagen. Du kan ikkje køyre bil før dagen etter.

For deg med tannlegeskrekk

Tannlegeskrekken er tidsnok å behandle i etterkant av inngrepet. Når vi har fått kontroll på tenner og all behandling som er nødvendig, ligg forholda meir til rette for hjelpe deg med tannlegeskrekken. Målet er at du i framtida skal kunne kome til tannlegen og gjere nødvendig behandling utan hjelpemiddel som narkose eller beroligande medikament. Les meir om behandling av tannlegeskrekk her.

Bestill tannlegetime