Oralkirurgi

Oralkirurgi er eit spesialistfelt innanfor tannhelsetjenesten. Oralkirurg Aline Brecht har lang erfaring som kirurg i Ålesund. Ho vil bli å treffe på faste dagar, og har eit godt team av hjelpepersonell rundt seg. Når det er nødvendig med kirurgiske inngrep, er det spesielt viktig at du kjenner at du blir tatt godt vare på, både før, under og etter inngrepet. Vi  har kontakt med deg undervegs, og du kan vere trygg på at du får den rette behandlinga for deg.

Det vanlegaste kirurgiske inngrepet er fjerning av visdomstenner. Om desse ligg vanskelig til, så tek vi CT av kjeven din, for å få full oversikt over kvar røtene ligg i kjeven din. Dette gjer risikoen for nerveskade som følge av inngrepet mindre.

Implantatinnsetting er også vanleg. Det blir brukt om du manglar ein eller fleire tenner, og desse kan erstattast av implantat. Sjølve implantatet er av titan, og blir plassert i kjeven din. Etter innsetting er det ei viss tid i etterkant der implantatet må tildele (gro fast) før vi kan lage krone eller bru oppå det. Denne tilhelingstida er individuell, men det vanlegaste er 3 månader. Vi brukar kun originale Straumann implantat. Dette fordi det er viktig med kvalitet i alle ledd fra, til friske og naturlege tenner.

Eit anna vanleg kirurgisk inngrep er rotspissamputasjon. Det kan vere nødvendig der det blir infeksjon rundt rotspissen av ei rotfylt tann, og ein ikkje kjem i mål med tilheling ved vanleg rotfylling.

Du finn gode råd etter ekstraksjon i desse lenkene:

Råd etter trekking av tann

Om Sana Oris

Vårt team gir deg god behandling i ny og lys klinikk med topp moderne utstyr! Uansett behov; vi tek hand om tannhelsa di. Hos oss skal du få ei god oppleving! Vi bryr oss om helsa di:)

Kontakt oss

Bestill tannlegetime