Rotfylling

Dersom nerven i tanna er skada eller død, må tanna rotfyllast. Dette kan oppstå som følge av ubehandla kariesangrep, eller i tilknytning til tidlegare fyllingar/skade på tanna som har vore djupe (nær nerven). Det danner seg ein infeksjon inne i tanna, og av og til i kjevebeinet rundt rota. Dersom infeksjonen blusser opp, vil tanna bli vond. Rotfylling er nødvendig.

Det er ikkje uvanleg at ei tann som treng rotfylling ikkje har vore vond i det heile. Fargeforandring på tanna eller funn på røntgenbilder vil då vere det som gjer at vi oppdagar infeksjonen, som ligg der i det stille. Rotfylling er nesten alltid heilt smertefritt!

Om Sana Oris

Vårt team gir deg god behandling i ny og lys klinikk med topp moderne utstyr! Uansett behov; vi tek hand om tannhelsa di. Hos oss skal du få ei god oppleving! Vi bryr oss om helsa di:)

Kontakt oss

Bestill tannlegetime