Regelmessige undersøkingar og forebygging (profylakse) bidreg til å redusere risiko for sjukdom i kjeve og munnhola. Munnen er ein del av kroppen og kan difor ha innverknad på resten av kroppen din. Tannsjukdomar kan forårsake smerte, ubehag, livstruande infeksjonar og psykiske lidingar. Vår erfaring er at pasientar med friske tenner også har betre helse- og livskvalitet.
Seks grep til betre munnhelse:
1. Tannpuss morgon og kveld
Tennene bør pussast i to minutt kvar morgon og kveld for å fjerne plakk. Tannbørsten bør bytast ut med jamne mellomrom. Ver obs på at overdriven børsting kan slite ned emaljen. – Visste du at ein ikkje bør skylle eller drikke vatn etter endt tannpuss? Då skyller ein nemleg vekk fluoren frå tannkremen.
2. Tanntråd mellom tennene
Bruk tanntråd kvar kveld for å fjerne matrestar og belegg mellom tennene. Tanntråden kjem i mange ulike storleikar – Vel ein som glir lett gjennom mellomrommet på tennene dine.
3. Fluortilskot ved behov
Dei fleste tannkremar i dag inneheld fluor, noko som for dei fleste vaksne vil vere tilstrekkeleg. Enkelte vil likevel ha nytte av fluortilskot. Her finnast det ulike alternativ, som til dømes munnskyll, tyggegummi og sugetablettar tilsett fluor. Om ein er spesielt utsett for karies får ein kjøpt tannkrem med økt fluorinnhald på apoteket – dette i samråd med tannlege.
4. Matvaner – ver bevisst
Eit sunt og balansert kosthald er viktig for å oppretthalde ei god tann- og munnhelse. Inntak av søt- og syreholdig mat og drikke aukar risikoen for karies og syreskader. Eksempel på typiske mat- og drikkevarer ein bør vere påpasseleg med er søtsaker, sitrusfrukt, juice, brus, energidrikk og kaffi. – Tips: Unngå småspising/suping, drikk gjerne med sugerør, skyll med vatn etter inntak, vent helst éin time med å pusse tenner etter inntak.
5. Vurder røyk- og snusstopp
Røyking og/eller snusing kan påverke munnhelsa di og aukar sjansen for blant anna dårleg ånde, misfarging, tannkjøtbetennelsen periodontitt, infeksjonar og kreft i munnhola. Snusbruk kan dessutan føre til at tannkjøtet trekker seg tilbake og på sikt kan det i verste fall ende i tanntap.
6. Undersøking
Det kan løne seg å sjekke tennene regelmessig. I tillegg til at vi undersøker tenner og munnhole og fjernar tannstein kan vi også vere behjelpelege med gode råd og rettleiing når det kjem til blant anna munnhygienevaner, kosthald og røyk- og snusslutt.
Om Sana Oris
Vårt team gir deg god behandling i ny og lys klinikk med topp moderne utstyr! Uansett behov; vi tek hand om tannhelsa di. Hos oss skal du få ei god oppleving! Vi bryr oss om helsa di:)