Av og til må ei eller fleire tenner fjernast (tanntrekking). Dette er som oftast eit enkelt inngrep, men i vanskelige tilfelle må vi gjere eit kirurgisk inngrep for å fjerne tanna. Du får informasjon undervegs om kva vi må gjere, og kvifor det blir slik. I enkelte spesielle tilfelle henviser vi til kjevekirurg, dette vurderar vi individuelt.
Praktiske råd etter ekstraksjon. Det er vanleg å ha smerter etter ein tannekstraksjon. Det blir også rekna som normalt å bli hoven, og blå/gul i huda.
Men dersom du i tillegg til smerter og hevelse også får generell sjukdomsfølelse i kroppen, tek du kontakt med oss snarast. Dersom det er helg eller ferie, og du ikkje får tak i oss, så kan legevakta hjelpe deg.
Dersom du følger desse råda, reduserar du risikoen for infeksjon etter tanntrekking:
- fjerne evt bitekompress etter 20 min
- ikkje ete, drikke eller skylle munnen dei første tre timane
- ikkje røyke dei første 3 timane
- ved smerter etter at lokalbedivinga er gått ut, ta f. eks 2x 500 mg Paracet
- unngå hard fysisk aktivitet i 2-3 dagar
- skyll med corsodyl munnskyllevæske morgon og kveld i ca 1 veke
Om Sana Oris
Vårt team gir deg god behandling i ny og lys klinikk med topp moderne utstyr! Uansett behov; vi tek hand om tannhelsa di. Hos oss skal du få ei god oppleving! Vi bryr oss om helsa di:) Du finn oss også på Facebook.