Namnet Sana Oris er Latinsk og betyr frisk munn. Vår visjon «Frisk munn og naturlege tenner til alle heile livet» er vår ledestjerne og fortel oss kva vi vil oppnå i vårt daglege arbeid i møte med deg i heile di pasientreise gjennom livet. Dette i tillegg til at du også skal få ein god og trygg opplevelse hos oss.
Vi bryr oss om helsa di:) God munn- og tannhelse er svært viktig for å oppretthalde ei god generell helse! Vi vil hjelpe deg med dette gjennom grundige og regelmessige undersøkingar av heile munnen.
Vi legg stor vekt på smertefri behandling slik at du skal få ei god oppleving, og tilbyr spesielt opplegg for dei med tannlegeskrekk.
Brei kompetanse
Vårt team består av tannlegar kirurg, periodontolog, protetikkspesialist, tannpleiar og utdanna tannhelsesekretærar. Alle desse gir deg god behandling der vi tek hand om tannhelsa di. Vi ønsker å oppnå fine naturlege smil der tennene er mest mulig naturlege.
For vanskelege tilfelle som krev presisjon, har vi det beste innan røntgenmaskin (CBCT) og er tilknytt røntgenlege slik at vi får presise og kompetente svar raskt, og du slepp å bli vidaresendt i tilfelle med lite tid og ev smerter.
Moderne utstyr
Vi har også moderne utstyr for å designe og produsere porselenskroner i vårt eige Laboratorie. Vi kan difor tilby «krone – på dagen» slik at du unngår veker med midlertidige løysingar. Dette er ein stor fordel både for deg og oss.
Kort reisetid
Vi held til i ny og lys klinikk i Dragsund med det beste av moderne utstyr for å sikre god og presis diagnose. Dragsund er eit trafikk knutepunkt midt mellom småbyane Ulsteinvik (7 min), Larsnes (12 min), Hareid (17 min), Fosnavåg (15 min) Ørsta (20min) og Volda (20min). Pasientane kjem frå heile distriktet, også frå Vanylven i sør til Ålesund i nord. Klinikken fungerer også som tilvisingsklinikk, der pasientar frå andre tannlegar i regionen vert er tilviste hit for å få spesialistbehandling og CBCT.
Du finn oss også på